Sammendrag:Tiltalte blei i lagmannsretten frifunnen for oppmoding til terrorhandling, jf. straffelova § 147c. Tiltalen gjaldt fem ytringar som tiltalte hadde kome med på Facebook. Lagmannsetten kom til at ytringane måtte tolkast som hyllest av terrorhandlingar som var utført av andre og som eit uttrykk for at slike handlingar på generell basis er av det gode. Ved tolkinga av utsegnene bygde lagmannsretten på at tolkingsprinsipp oppstilt av Høgsterett i blant anna Rt-2012-536 om at ein skal vera atterhalden med å tolka inn meiningsinnhald som ikkje er uttrykt i klartekst. I lagmannsrettens dom er også rekkjevidda av forbodet i straffelova § 147 c drøfta ut frå lovforarbeida, omsynet til ytringsfridom og dei omsyn som ligg bak legalitetsprinsippet i norsk rett. Tiltalte blei under dissens frifunnen i lagmannsretten for tiltale for eitt brot på straffelova § 135 a om diskriminerande eller hatefull ytring, medan han blei dømd for eitt brot på straffelova § 132 a om motarbeiding av rettsvesenet. Ved straffutmålinga blei det lagt særleg vekt på to trugsmål som var sett fram mot journalistar. Desse tilhøva var rettskraftig avgjort i tingretten. Henvisninger: Straffeloven (1902) §132a, §135a, §147c |
0 Comments
Your comment will be posted after it is approved.
Leave a Reply. |
Islam i NorgeHer vil du finne artikler som omhandler det stadig økende antallet islamister i Norge og Europa. Arkivet
September 2016
Kategori
All
|